Feriekoloni for beitedyr

Kva om beitedyr kunne dra på ferie – og samstundes hjelpe oss med å ta vare på det opne kulturlandskapet? På Urnes har vi utvikla ei løysing som fleire kan ta i bruk.

Rundt Urnes stavkyrkje ligg eit ope kultur- og fjordlandskap som menneske og dyr har forma gjennom fleire tusen år.

Når slåtten og beitinga tek slutt, kjem krattet, og etter kvart forsvinn utsikt, kulturspor og leveområde for mange artar. Utfordringa er den same i kulturlandskap over heile landet.

Vi jobbar med eit konsept vi kallar «feriekoloni for beitedyr». Bønder sender dyra sine på sommarferie til oss, medan vi sørgjer for gjerde, vatn og dagleg tilsyn. Dyra får variert og næringsrikt beite – og kulturlandskapet får ein effektiv arbeidsstyrke med fire bein.

Men det manglar ofte gode skjul på beita. Dei gamle løene og skjula har mange stader forfalle i takt med attgroinga. Vi utfordra difor Verdsarvingane til å utvikle eit skjul som kan følgje dyra mellom beiteområda – og som også andre kan byggje og ta i bruk.

I juni 2026 arbeidde Verdsarvingane Richard Grevstad, Partap Singh Pannu, Katrina Hjermann og Leni Kratzsch med utfordringa på Ornes. Med ulik bakgrunn frå arkitektur, industriell design og tradisjonshandverk utvikla dei løysinga gjennom fire intensive veker med innsiktsarbeid, idéutvikling, prosjektering og bygging.

Arbeidet blei gjennomført med Troels Fuglesang og Morten Stensland Løwe som mentorar. Verdsarvingane er eit fleirårig prosjekt i regi av Noregs verdsarv, støtta av Sparebankstiftelsen DNB og Sogn Sparebank.

Modulært geiteskjul

Resultatet er eit modulært geiteskjul som er enkelt å demontere, flytte og setje opp att når dyra byter beiteområde. Skjulet er bygd med tradisjonelle samanføyingar og naturbasert overflatebehandling. Kvist og kvast blir brukte i veggane, der dei både gir ly og skaper små leveområde for insekt.

Med meir enn 20 000 besøkande til Urnes stavkyrkje er det viktig å leggje til rette for gode møte mellom folk og dyr. Verdsarvingane bygde difor eit informasjonspunkt der publikum kan kome tett på geitene og lære meir om beiting, attgroing og kulturlandskap – utan at det går ut over roa og velferda til dyra. Slik blir feriekolonien både eit praktisk skjøtselstiltak og ein stad for oppleving og formidling.

Feriekolonien er laga for gardbrukarar, grunneigarar, kommunar, museum, verdsarvområde og andre som ønskjer å bruke beitedyr i arbeidet med å halde kulturlandskapet ope. Løysinga kan tilpassast ulike terreng og lokale behov – og er utvikla for å vere realistisk å byggje, bruke, reparere og flytte.

Bygg det sjølv

No kan du laste ned ei komplett byggjerettleiing og lage eit tilsvarande geiteskjul sjølv. Rettleiinga viser materialar, mål, samanføyingar og framgangsmåten for bygging, demontering og flytting. Skjulet kan delast i seks modular og flyttast av to personar med ein liten tilhengjar.

Med andre ord: Vi har gjort mykje av prøvinga, slik at du slepp å finne opp geitehuset på nytt. Last ned rettleiinga nedanfor – og set i gang!

Verdsarven Urnes_Urnes stavkyrkje_12.jpeg