Om oss

Verdsarven Urnes arbeider for å ta vare på OUV-en til Urnes stavkyrkje. OUV står for Outstanding Universal Value, den eineståande verdien som gjer at kyrkja er viktig for heile verda.

Organisering

Vi er organiserte med eitt verdsarvråd og ei lokal arbeidsgruppe. Desse representerer aktørar (innbyggjarar i buffersonen, kommunen, fylkeskommunen, Riksantikvaren og Fortidsminneforeininga) som er viktige for Verdsarven Urnes.

Verdsarvkoordinator er skrivar for begge og leiar det daglege arbeidet.

Kontakt oss

Vi er eit lite team som består av verdsarvkoordinator, skjøtselsansvarleg og to skjøtselsmedarbeidarar.

Vi samarbeider tett med dagleg leiar og guidane som er tilsette ved Urnes stavkyrkje.

Arbeidet

Vi jobbar med tiltak som bind saman kyrkja, kulturlandskapet og lokalsamfunnet. Sjå ei komprimert utgåve av handlingsplanen her.

Full versjon kan lastast ned frå dokumentsida.

Dette er våre viktigaste prioriteringar for 2026

  1. utviklinga av verdsarvsenteret og Urneshagen i samarbeid med Fortidsminneforeininga

  2. styrking og vidareutvikling av verdiane i nærområdet gjennom skjøtsel og berekraftig besøksforvaltning

  3. stimulere til at verdsarvstatusen skaper nye moglegheiter for landbruk, næringsutvikling og folketalsvekst