Skjøtsel
Skjøtsel held det historiske kulturlandskapet rundt Urnes stavkyrkje ope og lesbart. Det styrkjer Urnes si Outstanding Universal Value (OUV) ved å ta vare på siktliner, klyngetun og samanhengen mellom kyrkja og fjordlandskapet.
Arbeidet følgjer skjøtselsplanen for Ornes, faglege råd frå NIBIO og tradisjonen i indre Sogn.
På eksisterande slåtte- og beitemark gjer vi følgjande:
Slåttemark: slått 2–3 gonger per sesong, fjerning av biomasse for å redusere næring og stimulere artsmangfaldet
Beitemark: slått 1–2 gonger per sesong, jobbar for å tilretteleggje for meir beitedyr
En del område er gjengrodd etter å ha vore ute av produksjon, og der må vi først restaurere området, setje det tilbake til den landskapstypen det tradisjonelt har vore. Vi gjer ei selektiv rydding av buskar og tre og fremhevar gamle kulturspor som rydningsrøyser, steingardar osv.
På desse områda blir det ein del årleg rydding dei komande åra fordi vi av omsyn til berekraft ikkje ønskjer å nytte sprøytemidlar.
Det er også ein lang tradisjon med haustingsskog på Ornes, men sidan det i dei fleste tilfella er 40 til 50 år sidan det arbeidet vart avslutta, er desse trea blitt for store til å fortsetje haustinga. Vi startar derfor nye styvingstre som sidan kan bli styva og lauva.
Skjøtselsarbeidet omfattar også å stelle kyrkjegarden rundt Urnes stavkyrkje, samt slått av fellesområde som vegkantar, parkering, kaianlegg osv. Dette er med på å gjere ferdselen for publikum tryggare og betre.
Omfang og arbeid
Om lag 65 dekar inngår i aktiv skjøtsel i og rundt verdsarvsområdet
Gjennomføring: skjøtselansvarleg og skjøtselmedarbeidar gjennom året, tunvertar i på sommaren, tett samarbeid med grunneigarar
Gule område inngår i skjøtselsarbeidet til verdsarven Urnes.
Urneshagen
Urneshagen er to ting: det store kulturlandskapet rundt Urnes stavkyrkje, og ein lærings- og opplevingshage ved det komande verdsarvsenteret på Ornes. Der blir ein eksisterande eplehage og utandørsareal tilrettelagde for å formidle kulturlandskap, artsmangfald, økologi og dyrking i lys av FN sine berekraftsmål.
Samarbeid mellom lokale grunneigarar, verdsarvarbeidet og Fortidsminneforeininga
Pedagogisk ramme som koplar kultur‑ og naturarv.
Stille poesisti opna på Støppulshaugen (ovanfor kyrkja) i 2024: roleg vandring med naturdikt og enkle tiltak på naturen sine premissar
Målet er å gjere natur og landskap til kunnskapskjelde, ikkje berre kulisse