Måndag 2. mars 17:00 til 19.30

Idéverkstad Urneskilen verdsarvsenter

Vi har tomta, finansieringa og eit vinnarutkast vi er stolte av. No skal Urneskilen verdsarvsenter realiserast, i tråd med bestillinga frå arkitektkonkurransen: ein nedtona og respektfull inngangsport til verdsarvområdet, der stavkyrkja og kulturlandskapet framleis spelar hovudrolla.

Konkurransen hadde òg klare føringar for utforminga: Bygget skal gi gode publikumsopplevingar, vere universelt utforma, ha robuste materialval og høge miljøambisjonar.

Senteret blir på om lag 1000 m² og skal romme mykje.

Vi gler oss særleg til å opne utstillinga Tre og tro, der heile historia kan formidlast, og der gjenstandar som er for verdifulle til å stå i kyrkja kan visast fram. Senteret skal òg romme nødvendige funksjonar som rom for tilsette, kjøkken, lager, toalett og kontor.

Samstundes skal den beste plassen, med fem meter takhøgd og storslått utsyn over Lustrafjorden, vere eit stort og ope publikumsområde som kan fyllast med aktivitet, både i opningstidene og utanom.

No skal planar og ambisjonar bli til konkrete, smarte og gjennomførbare idéar for framtida. Difor ønskjer vi innspel frå deg som bur på Ornes og i Luster kommune.

Kva har du lyst til å bruke publikumsområdet til?

  • Vil du arrangere konsertar her?

  • Er du handverkar som lagar ting som kan seljast?

  • Vil du bruke lokalet som arena for kurs eller workshopar?

  • Har du frukt, bær eller lokalmat for sal?

  • Vil du leige lokalet til selskap?

  • Treng du mat?

  • Hvilke muligheter ser du til å bruke hagen?

Ikkje alt er mogleg, og ikkje alle idéar passar saman. Men jo meir vi får vite no, medan bygget framleis berre er strekar på papir, desto betre kan vi leggje til rette for gode løysingar i framtida.

Vi håpar difor du vil vere med på ein kreativ workshop der arkitektane og prosjektleiarane frå Fortidsminneforeininga kjem til Ornes for å høyre tankane og idéane dine.

Velkomen!

Fortidsminneforeininga og verdsarven Urnes

PS: Har du eitt konkret spørsmål eller to, så send dei gjerne inn saman med påmeldinga (nedanfor), så skal vi prøve å førebu svara så godt som mogleg.

Tid og stad

Dato: måndag 2. mars
Varigheit: 17.00–19.30 (ekstrabåt til Solvorn kl. 20.00)
Servering: pizza
Stad: Urnes gard på Ornes
Påmelding: meld deg på via skjema nedanfor.

Påmelding