Urnes verdsarvforum 2026
Kor går grensa – og kor ligg moglegheitene?
I generasjonar har norsk landbruk bygd på prinsippet om at kvar generasjon skal overlate garden i betre stand enn då dei sjølve tok over. Dette prinsippet er òg førande for forvaltninga av verdsarven Urnes. Vi er på jobb for å ta vare på umistelege verdiar for framtida, på same måte som du er det – anten du er bonde, sjukepleiar, kaféeigar eller guide. I reiselivssamanheng vert dette ofte kalla berekraftig og regenerativt, men i ein landbrukskommune som Luster kan vi òg berre kalle det ein tradisjon – slik har vi alltid gjort det.
Den nyleg lanserte tålegrenseanalysen frå Vestlandsforsking viser at Luster kommune står ved eit viktig vegskilje. Medan reiselivet gir verdifull inntekt for nokre, er varsellampene i ferd med å blinke. Analysen peikar på tre hovudutfordringar: låg lokal verdiskaping frå mange gjester, særleg knytt til camping og cruise, overbelasta infrastruktur med smale vegar som i periodar kan true beredskapen, og aukande sosial frustrasjon blant innbyggjarane, knytt til kø, villcamping og store cruisegrupper.
Som forvaltarar av ein av dei mest besøkte attraksjonane i Luster kommune har vi sjølve eit stort ansvar for både å ta vare på dei umistelege verdiane og samstundes leggje til rette for at gjester frå heile verda kan oppleve dei – utan at det går utover tålegrensa til lokalsamfunnet.
Verdsarvstatusen er ikkje berre noko vi forvaltar, men òg eit verktøy for lokal verdiskaping. Vi ønskjer difor å invitere til ein kveld med fokus på korleis vi saman kan skape meir lokal verdiskaping utan å gå på akkord med verdiane som du, som innbyggjar i Luster kommune, og vi, som forvaltarar av verdsarven, tek vare på.
På verdsarvforumet får du høyre:
Kristin Løseth frå Vestlandsforsking presenterer hovudfunna frå den nye tålegrenseanalysen for Luster, og kva den fortel oss om utfordringar og moglegheiter framover
Lindis frå Bestebakken deler erfaringar med korleis ho har brukt småbruket, urtehagen og stølen til å skape eit anerkjent produkt som tiltrekkjer seg reisande som blir verande i området over tid
om korleis det komande Verdsarvsenteret og Urneshagen vil gjere det mogleg å besøkje Ornes utan å belaste lokalsamfunnet, og gi gjestane høve til å gje noko tilbake
kvifor buffersona kring verdsarven ikkje berre er ei avgrensing, men og kan vere ein moglegheit for lokal verdiskaping
korleis du kan vere med å forme partnarprogrammet Ven med verdsarven
bevertning, god tid til prat og høve til å sjå utstillinga Vår verdsarv
Vi ser fram til å sjå deg!
Venleg helsing,
Ingebjørg Njøs Storvik (verdsarvkoordinator) og Morten Stensland Løwe (skjøtselansvarleg)
på vegne av Verdsarvrådet, Fortidsminneforeningen og Luster kommune
Tid og stad
Dato: Måndag 19. januar 2026
Tid: 18:00-20:30
Stad: Fjordstova i Skjolden
Påmelding
Gjerne meld deg på i forkant, slik at vi får betre oversikt over kor mange som kjem.